fredag 26. januar 2007

Big Budda


Fredag gjekk vi langs stranda til Big Budda. Vi kan sjaa den fraa stranda vaar, spesielt om kvelden naar den blinkar i morket. Vi maatte ta av oss skoa for vi gjekk opp trappa til Buddaen. Der oppe var det figurer og blomster som folk ba til og sa hang d klokker rundt heile buddaen. Saa gjekk dei og slo eit slag paa kvar klokke. Vi gjorde det ogsaa. Naar vi kom ned fraa buddaen fant vi smaa buddaer som kunne spaa om framtida. Vi fant tirsdagsguden fordi det var den dagen Tora var fodt, la paa ein mynt og saa kom det opp eit tal og saa maatte vi lese paa ei plate under om korleis det skulle gaa med Tora. Det kom ikkje til aa gaa ho vel. Ingen lykke... Derfor var det utruleg bra at naar vi gjekk forbi munken som satt nedanfor buddaen vinka han Tora bort til seg. Sidan det var eg som bar ho tok eg av meg skoa og gjekk bort. Han sa at eg skulle sette meg ned. Saa knytta han eit band rundt armen hennar og ba ei bonn for ho. Til slutt tok han vatn paa haue hennar. Saa no er Tora doypt! Ho er buddhist :)

Ingen kommentarer: