lørdag 24. februar 2007

Første skibukse

Tilbake til snø og minus 12.
Og vi som er vand til pluss 30....
Då er det godt at Tora fekk skibukse i posten av besta på Liset.


onsdag 21. februar 2007

Heime igjen


Heime i minus 12 grader. Litt av ein forskjell frå 33 pluss... Men det begynte å bli i det heitaste laget for meg der nede no, så det var godt å komme seg heim... hehe Perfekt å reise i januar ivertfall, for då er det litt kaldare. Følest som eg brukte ei veke på å bli ferdig med å vaske kle og gå igjennom post og rekningar. 3 veker er no ikkje så lenge... Gleder meg allerede til neste tur til Thailand :)

mandag 12. februar 2007

Flyet frå Singapore til Schiphol

Tora i basket på veggen. Det er så kjekt å få full oppmerksomhet frå både mamma og pappa heile tia!

søndag 11. februar 2007

Gåstolen

Dei siste dagane budde vi på Como, men no var det så stille her. Alle vennane til Tora var reist. Men gåstolen Deng hadde kjøpt til Tora var der :)


Singapore


Då har vi begynt på heimreisa... Tora skreik ein del i natt. Det rant av nasa og auga hennar. Men i dag har ho vore bedre og turen til Singapore gjekk fint. 3 timar i Singapore så er det 13 timar på fly til Schipol, Amsterdam. Deretter tar det 2 timar til Gardermoen. Der landar vi kl 9 mandag morgon, om alt går etter planen.
Tora har fått ny bleie og varme kle. Eg trur oxo at eg snart skal få på meg langbukse, men skoa er sjekka inn, så det blir flippflopps helt til oslo... brrrr

lørdag 10. februar 2007

Tora på Koh Samui igjen

POSE!
Leike med pose er kjekt for dei bråkar!

fredag 9. februar 2007

Tilbake på Koh Samui


No er vi tilbake på Koh Samui. Turen tilbake var mykje bedre, sjølv om vi merka godt at vi var på ope hav. Men no tok vi catamaranen, så det gjekk mykje fortare og båten var stodigare.
Kommentar:
Av Besta og besten (uregistrert bruker) den 10 februar, 2007 - 16:10
'Hei igjen. Såg du hadde vore på messenger, men då sov vi middag, det vert brå overgang frå varmen til kulden i oslo, så de må kle godt på tora. Håper ho ikkje får influensa. Her er kaldt, har fyra i omnen så inne er det varmt og godt. God reise. Klem frå besta og bestan'

onsdag 7. februar 2007

Koh Nang Yuan

Båttur til Koh Nang Yuan



Big Blue

Koh Tao

Mor og datter (som er 6 mnd gravid) kjem og leikar med Tora kvar dag.


Tora slapper av paa restaurant





tirsdag 6. februar 2007

Explore Koh Tao


Tora skal på trasketur...



...langt inn i jungelen...



Midt inni jungelen kom vi ut på ei øde strand.



Tora slapper av på restaurant.



Tenner i Thailand


Tora fekk sine 4 framtenner oppe i Thailand!
Først skjønte vi ikkje koffor Tora blei så sur og sint i nokre dagar, men så seier det svenske gamle paret som budde i sidebungalowen vår at det hørtes ut som ho begynte å få tenner. Så dumt at vi ikkje hadde tatt med bitering, men det fekk vi skaffa etterkvart. Stakkars lille monster. Ikkje rart ho hadde ilt. Fire tenner dukka opp dag etter dag når vi kom til Koh Tao. Lørdag 3. februar kom høgre hjørnetann oppe. Dagen etter kom venstre hjørnetann, dagen etter kom venstre framtann og dagen etter der igjen kom høgre framtann.

Trasketur


Etter mange late dagar på stranda ville vi utfordre kroppen og vi fant ut at vi skulle gå til sorenden av øya. Koh Tao er jo ikkje stor, så det burde ikkje vere noko problem. Dessuten kan vi ta taxibåt heim igjen kva tid som helst. Alle som har ein longtail båt roper "taxi-boat taxi-boat" heile tia. Vi hadde fåt låne ein redningsvest til Tora av nokre svenskar som hadde ei lita jente på 1,5 år. På kartet var det merka ein sti som vi tenkte vi skulle gå. Det blei ein skikkelig jungeltur. Det var bratt og steinete. Mange plassar måtte vi balansere på planker som var lagt fram. Men det værste var likevel kokkosnottene, syns eg. Var så redd at Tora, eller nokon andre skulle få ei i haue, for då er du dau... Forst kom vi til ei nydelig ode strand. Det var ein liten kiosk der og nokre få bungalower. Der motte vi igjen den tyske familien med 4 unga. Vi gjekk vidare og kom til nokre virkelig ode plassar. Hyttene der låg hogt oppi skråninga og var av skikkelig lav standard og sjøen sto rett inn i dei små buktene. Her var det litt meir freaka folk som budde. Så måtte vi vidare igjennom skogen og bratte grusete bakkar i berre flippflopps og forbi brannmaur. Så kom vi fram til ei fantastisk strand. Den var litt roligare enn Sairee, men hadde alt du trengte. Der vil vi prove oss neste år...
Kommentar:
Av Mamma Britt (uregistrert bruker) den 10 februar, 2007 - 10:43
'Hei Tora, Charlotte og Gudbrand
Endeleg kom det noko nytt frå Thailand. Godt å høyre at alt gjekk bra på den strabasiøse turen.
Hadde vel ikkje vore noko særleg å fått ei kokoosnøtt i skallen. Det virka ganske skummelt å gå der...
Vi har fin vinter med sol og 8 minus grader. Vi gler oss til å møte dåke igjen, det skal bli spennande å sjå om Tora kjennner oss igjen. Å vi gler oss MASSE.
I morgon, søndag, er det vel tid for heimreise, håper de får ei fin reise og at Tora søv like masse som på turen nedover. God tur heim, klem frå mamma og pappa. Gla i dåke'

lørdag 3. februar 2007

Toras fanclub

Mor og datter (som er 6 mnd gravid) kjem og leikar med Tora kvar dag.

Sairee


Vi har traska att og fram på Sairee beach nokre dagar no. Pakker sekken om morgonen og tar Tora i vogna. Kjem ikkje tilbake til bungalowen for vi skal legge oss om kvelden, sjølv om det ikkje hadde vore noko stress sidan vi bur på samme stranda. Men det er så deilig å berre sitte og slappe av på ein restaurant mens sola går ned og finne fram fiskerbuksa og ta på seg utanpå hotpantsen, berre for å sjå litt meir anstendig ut. For ein tiar får du ein stor Chang beer (0,7) og etter masse sol og bading kjenner du at den er sterkaren enn ein vanlig ol. Men sidan eg ammer er det ikkje kvar dag at eg får nyte den rusen. Det er vel derfor eg har drukke sånn ca 500 bananashake mens eg har vore her... Når du får ein helt fersk, kald, deilig bananashake til 8 kr er det vanskelig å la vere å drikke mange....

fredag 2. februar 2007

Big Blue

Tora er på Big Blue igjen....

Bilder


Legger ut litt bilder underveis her:
http://thailandbilder.blogspot.com/
Kommentar:
Av Besta og mamma Britt (uregistrert bruker) den 2 februar, 2007 - 21:30
'Å så kjekt med alle bileta, Tora har jammen vokse, ser ut som ho storkoser seg. Har sendt bilete-linken rundt til fleire...:-)
Når eg ser Tora, så lengter eg meir og meir etter å halde ho og å kose...
Klem frå mamma'
Av tante Judith (uregistrert bruker) den 3 februar, 2007 - 11:28
'Hei alle sammen!!
Var kjekt å sjå bilde og lese loggen ifå Thailand.
Ser og høyrest heilt supert ut.
Tora har blitt så stor, ho har nok vokse både på den eine og andre måten.
Dåke er nokre tøffingar som har reist den lange vegen med Tora.
Her er veret stabilt, mykje regn, men i dag slepp vi stormen.
Leah og Julie er her, Stian og Nathalie er i Førde, Stian skulle vere med på noko turnerings greier.
Leah er bedre av forkjølelsen og feberen har gått tilbake. Alltid like kjedelig når små unger er sjuke.
Tora ser ut som ho trivast og då trivast jo dåke og.
Får lyst å reise til Thailand eg og, men så var det svimlebyene då :-) har ikkje hatt dei på lenge, så kanskje eg er kvitt dei.
Ønsker dåke fortsatt god ferie.
Pass godt på Tora.
Helgeklem fra tante Judith'

Koh Tao


Koh Tao is the place to bee!Her er helt fantastisk! Det går ikkje an å beskrive! øya er bittelita, så den einaste byen her er også bitteliten og det er ikkje så bråkete som andre byer vi har vore i. Her er ganske stille, men det raser jo sjølvsagt nåken biler og scootera i dei smale gatene her oxo. Men vi kan jo berre gå langs stranda hvis vi vil. Bortsett frå om morningen for då er floa så stor at den rekk oppi alle restaurantane. Men det er berre å slenge seg ned på ein av dei avslappande plassane ned mot stranda, for der kan du nemlig liggesitte på puter eller saccosekker og ete på små bord med slov reggea i bakgrunnen. Når sjøen trekker seg tilbake blir stranda kjempelang og dei har ein voldsom jobb med å legge ut tepper og puter og bord på stranda og bygge lykter i sanden og brenne faklar. Stranda ser heilt fantastisk ut når det er mørkt. Så det er berre å sitte her heile kvelden.
Vi har bungalow på stranda hvis vi skulle ha lyst å trekke oss tilbake, men det har vi jo ingen grunn til!
Det er plenty av PADI dykkerkurs her. Faktisk den plassen i verden det tas nest mest dykkerkurs, og det kostar kun 9000 baht for eit 4-dagars kurs, men som ammande mor er ikkje det så lett, så eg skal ned igjen neste år og dykke! Men snorkling er oxo eit paradis her og det har vi gjort :)
Også her elsker dei kvite babyer. Thaiene svermer rundt Tora og eg har slappa av her på denne internettkaffeen lenge mens Tora går på rundgang blant dei innfodte.
Kommentar:
Av Besta Britt (uregistrert bruker) den 2 februar, 2007 - 17:05
'Godt at de fekk ein bra plass å bu på. Ikkje så godt med alle trappene når de har Tora med. Det er farleg å dykke, så du får halde deg til litt snorkling :-)
Pass på Tora så ikkje nokon av dei innfødte stel ho, og pass på at ho ikkje får nokon "innfødte sjukdommar".
Leah er begynt å bli betre, det er eg og, har ikkje så stygg hoste lenger:-)
Gla i dåke. Suss frå mamma '

Tora er poppis


Akkurat no leiker thaiene seg med Tora mens eg sitter paa nett...