Etter mange late
dagar på stranda ville vi utfordre kroppen og vi fant ut at vi
skulle gå til sorenden av øya. Koh Tao er jo ikkje stor, så det
burde ikkje vere noko problem. Dessuten kan vi ta taxibåt heim igjen
kva tid som helst. Alle som har ein longtail båt roper "taxi-boat
taxi-boat" heile tia. Vi hadde fåt låne ein redningsvest til
Tora av nokre svenskar som hadde ei lita jente på 1,5 år. På
kartet var det merka ein sti som vi tenkte vi skulle gå. Det blei
ein skikkelig jungeltur. Det var bratt og steinete. Mange plassar
måtte vi balansere på planker som var lagt fram. Men det værste
var likevel kokkosnottene, syns eg. Var så redd at Tora, eller nokon
andre skulle få ei i haue, for då er du dau... Forst kom vi til ei
nydelig ode strand. Det var ein liten kiosk der og nokre få
bungalower. Der motte vi igjen den tyske familien med 4 unga. Vi
gjekk vidare og kom til nokre virkelig ode plassar. Hyttene der låg
hogt oppi skråninga og var av skikkelig lav standard og sjøen sto
rett inn i dei små buktene. Her var det litt meir freaka folk som
budde. Så måtte vi vidare igjennom skogen og bratte grusete bakkar
i berre flippflopps og forbi brannmaur. Så kom vi fram til ei
fantastisk strand. Den var litt roligare enn Sairee, men hadde alt du
trengte. Der vil vi prove oss neste år...
Kommentar:
Av
Mamma Britt (uregistrert bruker) den 10
februar, 2007 - 10:43
'Hei Tora, Charlotte
og Gudbrand
Endeleg kom det noko
nytt frå Thailand. Godt å høyre at alt gjekk bra på den
strabasiøse turen.
Hadde vel ikkje vore noko særleg å fått ei kokoosnøtt i skallen. Det virka ganske skummelt å gå der...
Vi har fin vinter med sol og 8 minus grader. Vi gler oss til å møte dåke igjen, det skal bli spennande å sjå om Tora kjennner oss igjen. Å vi gler oss MASSE.
I morgon, søndag, er det vel tid for heimreise, håper de får ei fin reise og at Tora søv like masse som på turen nedover. God tur heim, klem frå mamma og pappa. Gla i dåke'

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar