lørdag 3. februar 2007

Sairee


Vi har traska att og fram på Sairee beach nokre dagar no. Pakker sekken om morgonen og tar Tora i vogna. Kjem ikkje tilbake til bungalowen for vi skal legge oss om kvelden, sjølv om det ikkje hadde vore noko stress sidan vi bur på samme stranda. Men det er så deilig å berre sitte og slappe av på ein restaurant mens sola går ned og finne fram fiskerbuksa og ta på seg utanpå hotpantsen, berre for å sjå litt meir anstendig ut. For ein tiar får du ein stor Chang beer (0,7) og etter masse sol og bading kjenner du at den er sterkaren enn ein vanlig ol. Men sidan eg ammer er det ikkje kvar dag at eg får nyte den rusen. Det er vel derfor eg har drukke sånn ca 500 bananashake mens eg har vore her... Når du får ein helt fersk, kald, deilig bananashake til 8 kr er det vanskelig å la vere å drikke mange....

Ingen kommentarer: